Ingebjørg Bratland
Ingebjørg Bratland / Foto: Marte Vannebo
Ingebjørg Bratland inntek Operaen!
Opplev Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, sterke forteljingar og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, er Ingebjørg Bratland med rette omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er tett knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også songar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» vitnar om Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når ho står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige.
Det siste året har Bratland vore høgaktuell på fleire frontar. Ho toppa Spotify med «Baby, du er rå!» saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke har sjarmert nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice.
Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel. Dette er samstundes høvet til at ho igjen inntek hovudstaden sitt praktbygg med ei ny konsertoppleving for både nye og gamle publikummarar.
Ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets fremste formidlarar i sentrum.
-
Søndag 8. november20:00 / Hovedscenen