Herborg
Kråkevik &
Trondheim-
solistene
Herborg Kråkevik & Trondheimsolistene med pianist Helge Lilletvedt
Vi vandrar saman til Operaen - med Kråkeviks songbok.
Herborg Kråkevik med pianist Helge Lilletvedt og Trondheimsolistene kjem til Oslos vakraste konsertrom med songskatten vår.
«Aldri har vel den norske songskatten blitt tolka på ein finare måte» sa juryen då Herborg vart Årets Spellemann i 2000, og albumet Kråkeviks songbok folkeeige.
I år presenterer Trondheimsolistene og Herborg ei ny samling med songbok-skattar på albumet Vi vandrar saman. I Operaen vil de få songar frå begge album med smektande musikalske arrangement, bunde saman av underhaldande forteljingar og gjort levande på storskjerm med dei kjæraste norske måleria me har!
For nokon av oss er dette songar og bilder me har vokse opp med, for andre er det nyoppdagingar, men denne kvelden håpar Herborg og musikarane at me alle skal oppleva denne kulturarven som vår.
Kanskje vert det allsong, kanskje latter når Danse mi vise, gråte min sang og andre klassikarar får klinga i Operaens store sal. Kom og opplev verka frå dei fremste songskrivarane og målarane Norge har hatt – frå Nasjonalromantikken og fram til i dag.
Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld!
-
Sunday 27. September20:00 / Main Stage