Hopp til hovedinnhold
Min side Handlekurv

Odd Nordstoga

Kjøp
Spilles
25. oktober, 20:00
Scene
Hovedscenen
Varighet
1 t 30 min / Ingen pause

Ny musikk fra Odd Nordstoga!

I samband med eit rykande ferskt album som kjem til hausten, tek Odd Nordstoga med seg sitt glimrande band og vitjar oss i Operaen.

Odd Nordstoga er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft. Når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. No arbeider han med ny, strålande musikk. 

Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera.

Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg – i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar.

Pris
625 - 925 kr
Kommer i salg
fredag 24. april kl. 10
  • Søndag 25. oktober
    20:00 / Hovedscenen
    Ikke i salg